Utne er eit sokn i Ullensvang kommune, Vestland, som femner om nordspissen av Folgefonnhalvøya og det meste av vestbreidda av Sørfjorden. Av soknet sine i alt 1209 innbyggjarar, bur 165 innbyggjarar i det tett busette området rundt Utne kyrkje lengst nord på halvøya (2023).

Utne er ferjestad med samband til Kvanndal og Kinsarvik (fylkesveg 7 og riksveg 13). Utne har vegsamband med Jondal i vest og Odda i sør, i begge retningar ved fylkesveg 550; langs Sørfjorden er vegen kalla Folgefonnvegen.

Hardanger Folkemuseum ligg i Utne og husar mellom anna bygningar frå mellomalderen, samlingar av Lars Utne sine arbeid, og Arnold Haukeland sin skulptur, Atlantico II, til minne om jektefarten i Hardanger.

Utne har turisttrafikk med lange tradisjonar. Utne hotell opna i 1722 som gjestgjevarstad, hotell frå ca. 1840 som det første i Hardanger. Hotellet, som ligg ved ferjestaden, er blant dei eldste i Noreg som framleis er i drift. Utne kyrkje, som er ei langkyrkje av lafteplank frå 1895 og teikna av arkitekt Peter A. Blix, ligg like søraust for Utne Hotell.

Kart

Utne
Utne
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg