Vass- og avløpsanleggslova er ei norsk lov som regulerer eigarskapsformer for vass- og avløpsanlegga. Det følgjer av lova at nye vass- og avløpsanlegg skal vere eigd av kommunar, og eksisterande vass- og avløpsanlegg kan berre overdragast til kommunar. I tillegg legg lova føringar for avgifter og gebyr innkravd i samband med vass- og avløpstenester. Slike inntekter skal øyremerkast for å dekkje kostnadar som er forbundne ved å tilby vass- og avløpstenester.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg
Kortnamn
vass- og avløpsanleggslova
Tredd i kraft
01.07.2012
Lovdata-ID
NL/lov/2012-03-16-12

Vass- og avløpsanleggslova avløyste vass- og kloakkavgiftslova frå 1974. Bakgrunnen for lova frå 2012 var eit ønske om å sentralisere eigarskap av essensiell infrastruktur til det offentlege av omsyn til nasjonal sikkerheit og beredskap.

Innhaldet i lova

Kommunalt eigarskap

Prinsippet om kommunalt eigarskap av vassverk og avløpsinfrastruktur kan oppfyllast på ulikt vis. For interkommunale vass- og avløpsselskap er det tilstrekkeleg at ein eller fleire kommunar innehar aksjemajoritet og styring over vass- og avløpsselskapet. Lova stenger ikkje for at private partar er selskapsmedlemmer.

Unntaksvis kan ein søkje løyve om samanslåing eller utviding av anlegg som ikkje oppfyller kravet til offentleg eigarskap, på bakgrunn av at det praktisk sett er utenleg eller økonomisk uhøveleg å kople seg på det kommunale anlegget. Slike nye, private anlegg må organiserast som andelslag eigde av brukarane sjølve og vil ikkje kunne drivast for profitt. Lova stenger for sal av anlegg mellom private partar. Samstundes med denne salsrestriksjonen innførte ein ikkje ei kommunal kjøpeplikt av private vass- og avløpsanlegg. Ei avgjerd om overtaking av vass- og avløpsanlegg ligg difor innanfor det kommunale sjølvstyret.

Anlegg som knyt seg til næringsverksemd er unnateke kravet om kommunalt eigarskap. Først når private ynskjer å kople seg til næringsanlegg treng verksemda søkje kommunen om særskilt tillating. Kommunen kan sjølv avgjere om det skal stillast vilkår for løyvet.

Gebyr og avgift

Lova inneheld også reglar om gebyr og avgifter. Inntekter som er innkravd på denne måten skal vere øyremerka til å dekkje kostnadar som er forbundne ved å tilby vass- og avløpstenester. Dei kommunale tenestene må likevel ikkje vere sjølvfinansierte og drifta kan subsidierast gjennom andre kommunale avgifter. Overordna rammer for gebyr og reglar for innkrevjing er fastsette av departementet i forskrift. Kommunane fastset sjølve storleiken på gebyra innanfor desse føringane.

Historikk

Vass- og avløpsanleggslova avløyste vass- og kloakkavgiftslova frå 1974. Bakgrunnen for den nye lova var eit ønske om å sentralisere eigarskap av essensiell infrastruktur til det offentlege av omsyn til nasjonal sikkerheit og beredskap. For å oppnå dette innførte ein salsrestriksjonar og eigarskapskrav ved nyetablering. Eigarskapskravet skulle endre eigarskap av vass- og avløpsanlegg over tid, og medførte difor ingen umiddelbare eigarskapsendringar ved vedtaking av lova.

Spørsmålet om offentleg eigarskap av vann- og avløpsinfrastruktur vart handsama gjennom NOU 2006:6 Når sikkerheten er viktigst. Utanom omsynet til sikkerheit og beredskap, framheva departementet at sektoren utgjorde ei typisk monopolteneste der konkurranseutsetjing av ei basalteneste som vass- og avløpstenester ikkje var gunstig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg