Svartvåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Svartvåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteogallus urubitinga
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1788)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 1,2 kilo.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr og fuktig tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Svartvåk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna vekselvarme virveldyr, virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar på bakken og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartvåk
Buteogallus urubitinga
Artsdatabanken-ID
175383

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg