Skulekultur som omgrep vert nytta for å skildre summen av normer, verdiar og strukturar innan ein skule som gjer at skulen som organisasjon fungerer og handlar på eit gitt sett. Teoretisk omfattar skulekultur både den kollektive, eller felles, orienteringa mellom dei tilsette i organisasjonen og leiing av skulen sentralt. God leiing og tilsette som står samla kan utvikle ein effektiv skulekultur som kan fremme læring hos alle elevane ved skulen .

Faktaboks

Også kjend som

skolekultur

Sterk skulekultur og god skuleleiing er sentrale aspekt for utvikling av kvalitativt gode læringsmiljø. Leiinga ved skulen legg rammer og set premiss for det læringsmiljøet elevane opplever. Eit godt læringsmiljø krev tydeleg leiing og ein kollektiv orientering mellom dei tilsette i skulen.

Teoretisk bakgrunn

Omgrepet kultur i utdanning har røter i forsking kring privat verksemd og organisasjonsteori generelt. Schein skildrar kjernen i kulturen som dei grunnleggande førestillingane og overtydingane som er delt av medlemmene i ein organisasjon. Desse førestillingane og overtydingane er gjerne ikkje medvitne og dei definerer organisasjonen sitt syn på seg sjølv og omgjevnadane. Dei utgjer kollektive førestillingar og overtydninga personalet har saman.

I skulen skildrar såleis kultur korleis ting er og fungerer som eit filter som ein betraktar verda gjennom. Skulekulturen gir eit felles rammeverk for personalet for utøving av praksis og medverkar til å forme læringsmiljøet i skulen. Likeeins gir dette rammeverket grunnlag for vidareutvikling av skulen som organisasjon. Skulekultur omfattar då åtferdsmønster og tankesett som har forma skulen over tid og som vert presentert for nye tilsette som skulen sin praksis.

Den einskilde skule har sitt eige syn på seg sjølv, og to tilsynelatande like skular, sett utan ifrå, kan ha svært ulik vurdering av sine elevar, sitt arbeid og eksterne utfordringar skulen møter. Skulekulturen vert forma av historia til skulen, konteksten og av personar som arbeider ved skulen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg