Argot blir i språkvitskapen nytta om eit ordtilfang som særskilde grupper – til dømes kriminelle, kramkarar, gategutar, visse yrkesgrupper og folkegrupper, skulekameratar – nyttar for å ikkje bli forstådde av utanforståande.

Faktaboks

Uttale
argˈå
Etymologi
av fransk argot ‘slang’, særleg brukt om parisarslang
Også kjend som

hemmeleg språk, løyndespråk

Døme på argot

Døme på argot er verlan (eit fransk ungdomsspråk), månsing (eit hemmeleg språk mellom kramkarar og tivolifolk i Sverige og Noreg), smoi (eit hemmeleg språk som tidlegare blei nytta av mellom anna torghandlarar i Mandal) og røvarspråket (nytta av born, blei populært gjennom romanane av Astrid Lindgren om meisterdetektiven Kalle Blomkvist).

Særdrag ved det hemmelege ordtilfanget

Det særskilde, hemmelege ordtilfanget kan lagast ved lån av ord frå andre språk, som når månsing inneheld ord av svensk, romani, tysk, nederlandsk, samisk, finsk, latin, engelsk, romansk og slavisk opphav. Ord kan lånast frå språket i storsamfunnet dersom dei blir «kamuflerte», som når stavingane blir «stokka om» i det franske ungdomspråket verlan (ver-lan kjem av lan-ver, normalt skrive l'envers, 'baksida, opp-ned').

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg