Svikt, vertikale bevegelsesmønster mest typisk i samværsdans. Svikt er brukt både i daglegtale og som fagterm i dans.

For at vi skal kunna flytta oss, til dømes når vi går eller dansar, må vi løfta og sleppa ned att kroppen, derfor er det rørsler ned og opp i kroppen når vi flytter oss. Desse rørslene blir kalla svikt i daglegtale.

Jan-Petter Blom var den først til å påpeika prinsippa i dei vertikale rørslene i 1961. Sidan er det laga eit beskrivande system for rørslene under termen svikt. Her blei omgrepet trinn definert som ei enkel flytting av tyngda frå den eine foten til den andre. Ifølgje beskrivinga finst ulike trinntyper:

  • S-trinn har éin svikt
  • Ss-trinn har to sviktar
  • T-trinn tar berre ein del av strekkinga eller bøyinga av eit S-trinn

Svikt er ein etablert del av norske folkedansnedteikningar i dag. Ordet blir også brukt på engelsk.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg