prærie

Iron Horse-prærien i Minnesota.
.
Lisens: CC BY 2.0

Prærie er vidstrekte, trelause grassletter. Ordet blir særleg brukt dei fruktbare slettene i Nord-Amerika som strekkjer seg frå Nord- og Sør-Dakota til Ohio og frå Canada til nordaustlege Kansas og Missouri. Medan dei austlege slettene opphavleg var dekte av langt gras (tall-grass prairie), var dei vestlege delane, The Great Plains, dekte av kort gras (short grass plains). Præriejorda er eit kalsium- og humusrikt jordsmonn som er ei svært god dyrkingsjord. Det meste av prærien er i dag oppdyrka; i aust blir det hovudsakleg dyrka mais, i dei sentrale områda kveite.

Faktaboks

Uttale
prˈærie
Etymologi
engelsk og fransk prairie, ‘eng’

Svært lite av den opphavlege prærien er bevart. Overgangen frå naturleg vegetasjon til monokultur har medført kraftig vinderosjon, særleg er dei vestlege prærieområda råka av dette. I 1930-åra skapte erosjonen sandstormar – «The Black Blizzards». Jordkonservering blir no sikra gjennom «dry farming», kunstig vatning og «contour plowing», der plogfòrene blir laga horisontalt for å samle opp overflatevatnet. Likevel går framleis store delar av det fruktbare jordsmonnet tapt kvart år.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg