Lemmatisere er i morfologi og leksikografi å samle bøyingsformer i grupper som høyrer til det same oppslagsordet i ei ordbok — til dømes bok, boka, bøker, bøkene.

Faktaboks

Uttale
lemmatisˈere

Viss ein slår opp i ei norsk (nynorsk) ordbok på substantivet bok, finn ein som regel det følgjande, oftast i ei noko forkorta — meir «økonomisk» — form:

  • bok, boka, bøker, bøkene (femininum) 1 hefta eller innbundne blad som er trykt eller skrive på; avhandling; verk lese, skrive ei bok 2 særleg om eldre skrifter: kvar av dei bolkane eit større bokverk er delt inn i Første Mosebok 3 hefta eller innbundne blad til å skrive eller teikne i dagbok, teiknebok 4 måleeining for papirark 5 noko som liknar ei bok (1), som lommebok

Bøyingsformene til substantivet bok er bok, boka, bøker, bøkene. I ordboka er alltid bok (ubunden/ubestemt eintal) nemnd først, følgd av dei andre formene. Informasjonen om dei andre bøyingsformene er ofte forkorta til -a, bøker;den bundne fleirtalsforma bøkene kan ein då slutte seg til frå bøker, sidan substantiv som endar på -er i ubunden fleirtal, alltid endar på -ene i bunden fleirtal.

Å lemmatisere er det arbeidet ein språkforskar har med å finne fram — som regel i tekstar — alle bøyingsformer, avgjere kva former som skal stå under det same oppslagsordet og velje den bøyingsforam som skal vere oppslagsform i ordboka. Oppslagsforma blir òg kalla nemneform eller lemma.

På norsk er tradisjonen å velje ubunden (ubestemt) eintal av eit substantiv som oppslagsform, nemneform eller lemma. Ved adjektiv vel ein positiv, eintal, ubunden (ubestemt) form, til dømes fin og stor. Ved verb vel ein infinitiv.

Ei gruppe bøyingsformer som høyrer til det same oppslagsordet i ei ordbok, kallar ein eit leksem. Leksemet kan definerast meir presist som eit sett av ord som står i eit bøyingsforhold til kvarandre. Her er andre eksempel på leksem, med lemmaet nemnt først og kursivert:

  • Adjektiv: fin, fint, fine, finare, finast, finaste
  • Verb: byggje, byggjer, bygde, bygd, bygg

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg