klassifikasjon

Klassifikasjon er ei samanstilling av ting eller omgrep i grupper eller klassar etter kor like dei er. Ordet klassifikasjon vert også brukt om resultatet av ei slik samanstilling. Klassifikasjon speler ei viktig rolle både i det daglege og i vitskapleg samanheng, for å få oversikt og vinna innsikt og forståing.

Faktaboks

uttale:
klassifikasjˈon
etymologi:
av klasse og -fikasjon

I bibliotek (og arkiv) vert dokument klassifisert etter kva dei handlar om. Klassane er lista opp i eit klassifikasjonsskjema der det finst ein klasse for kvart emne som er aktuelt. Klassifikasjonen vert brukt for å organisera dokument i fysiske samlingar, og for å beskriva det enkelte dokumentet.

Desimalklassifikasjon

Deweys desimalklassifikasjon er særleg kjend. I Norge er dette skjemaet i bruk i alle folkebibliotek og ein del fagbibliotek. Også Universell desimalklassifikasjon er i bruk i mange bibliotek i Norge. I begge desse systema er all kunnskap delt inn i ti hovudklassar, nummerert frå 0 til 9. Kvar av desse kan delast vidare inn i ti undergrupper, som igjen kan delast inn i ti undergrupper og så vidare. For kvar underinndeling vert det lagt til eit siffer til nummeret for klassen.

Les mer i Store norske leksikon

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg