Gråstripefalk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gråstripefalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og finst på Madagaskar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco zoniventris
Beskriven av
Peters, W, 1854

Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang og veg rundt 170 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Gråstripefalk er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gråstripefalk
Falco zoniventris
Artsdatabanken-ID
178490

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg