Dvandva er eit grammatisk uttrykk for ei samansetning der ledda er sideordna, som i det samansette adjektivet norsk-svensk. Ledda nemner kvar sin eigenskap ved fenomenet som samansetninga viser til, utan at det eine er underordna det andre, slik at norsk-svensk og svensk-norsk tyder det same. Dette kan òg kallast ei koordinativ eller kopulativ samansetning.

Faktaboks

Uttale
dvˈandva
Etymologi
sanskrit ‘par’

Døme frå norsk

Ein vanleg type dvandva på norsk er samansetningar med nasjonalitetsadjektiv, som svensk-norsk i uttrykk som svensk-norsk samarbeid. At svensk-norsk er dvandva, viser seg ved at vi kan snu om på ledda utan at tydinga blir endra: norsk-svensk tyder i denne samanhengen akkurat det same.

Samansetninga sursøt tyder 'både sur og søt', som i sursøt saus. Også her kan vi snu om på ledda: søtsur saus. Sursøt er mykje vanlegare enn søtsur, men begge finst, og tyder det same.

Landsnamn som Danmark-Noreg og Austerrike-Ungarn er òg dvandva. Her er det ikkje mogeleg å snu om ledda. Grunnen er ikkje at Noreg-Danmark og Ungarn-Austerrike ville tyde noko anna, men at den første rekkjefølgja har festa seg som den konvensjonelle.

Visse samansette fargenemningar er òg dvandva. På svensk er blågul ei vanleg nemning for fargane i det svenske flagget, og det er òg mogeleg å bruke denne samansetninga på norsk. På norsk nyttar vi mange fargar i dvandva innanfor politikken – til dømes raudgrøn regjering, ei regjering der både «raude» og «grøne» parti er representerte.

Ei dvandva-samansetning må sjåast i motsetnad til dei mykje vanlegare determinative samansetningane, der forleddet er underordna etterleddet, som i gyllengul, som viser til ein særskild gulfarge.

Døme frå andre språk

Fransk

Fransk brukar samansetningar i mykje mindre grad enn norsk, og i staden finn ein oftast uttrykk med preposisjon, som commerce de vin 'vinforretning' og bouteille à vin 'vinflaske'.

Men dvandva finst det ein god del av, også av typar som er mindre vanlege enn på norsk, som auteur-compositeur-interprète, bokstavleg 'forfattar-komponist-fortolkar' – ein person som skriv sine eigne songtekstar, komponerer melodi til dei og fortolkar (framfører) dei sjølv.

Aigre-doux 'sursøt' og franco-norvégien 'fransk-norsk' er òg vanlege franske døme på dvandva.

Mandarin

Ein internasjonalt kjend dvandva frå mandarin er 风水 fēngshuǐ, som bokstavleg tyder 'vind-vatn'. Det er ei daoistisk lære om korleis ein skal skape harmoni mellom menneska og «vind og vatn», det vil seie omgjevnadene.

Sanskrit

sanskrit – språket som nemninga dvandva kjem frå – er dvandva svært vanleg. Ordet for 'foreldre' er मातरपितरौ mātara-pitarau, bokstavleg 'mor-fedrar' (i dualis), og ein nyttar dvandva ofte som namn på grupper av to slag, til dømes अजावयस् ajāvayas (aja-avayas,bokstavleg 'geit-sauer') 'geiter og sauer'.

Opphavet til uttrykket

Uttrykket dvandva kjem frå sanskrit द्वन्द्व dvandva, som tyder 'par'.

I tradisjonell sanskritgrammatikk, med røter tilbake til det 5. hundreåret fvt., finst det ein detaljert terminologi for ulike typar samansetningar; jamfør mellom anna bahuvrihi og tatpurusja.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg