Diffusjon

Diffusjon. Nokre partiklar av eit stoff blir løyste i eit glas vatn. Til å byrje med er alle partiklane samla på éin stad, men fordi dei beveger seg tilfeldig rundt i vatnet, blir dei etter kvart jamt fordelte utover i glaset.

Av .
Lisens: CC BY 3.0

Diffusjon er spreiing av eitt stoff i eit anna stoff, eller spreiing av lys og lyd.

Faktaboks

Uttale
diffusjˈon
Etymologi
av latin dif fusum ‘å helle’

I overført betydning blir ordet brukt om spreiing av idear og ord og uttrykk.

Spreiing av stoff

Alle stoff består av molekyl eller ion som er i rørsle. Rørsla blir større når temperaturen aukar.

To gassar som er i kontakt med kvarandre vil alltid blande seg på grunn av at molekyla beveger seg. To væsker, eller ei væske og eit fast stoff, vil òg blande seg, men blandinga er avgrensa av løysingsevna (løyselegheitsforholda).

Faste stoff er ikkje perfekte, men inneheld feilplasserte molekyl eller ion eller tomme plassar. Når to stoff kjem i fysisk kontakt, kan dei minste delane som stoffet består av, hoppe frå det eine stoffet inn i det andre ved å utnytte desse feila.

Andre typar diffusjon

Diffusjon kan òg skje gjennom porøse veggar. Då avheng diffusjonshastigheita mellom anna av massen til molekyla, og dette kan utnyttast når ein vil skilje gassformige isotopar frå kvarandre, det vil seie molekyl som er kjemisk like, men har ulik molekylmasse.

Ved halvgjennomtrengjelege hinner kan éin bestemd sort molekyl diffundere gjennom hinna medan ein annan sort molekyl blir halden tilbake. I ei sukkerløysning vil til dømes vassmolekyla sleppe gjennom hinna, medan sukkermolekyla ikkje slepp gjennom. Dette blir kalla osmose.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg