Deponeringslova er ei norsk lov som under visse vilkår gir ein skyldnar (debitor) rett til å overlate eit pengebeløp til Noregs Bank. For at skyldnaren skal ha rett til å overlevere pengesummen til Noregs Bank og samstundes kome ut av gjeldsforhaldet må visse krav vere oppfylde. Betalinga vil elles vere misleghaldt. Rett til deponering gjeld også der skyldnaren pliktar å levere frå seg andre ting enn pengebeløp: til dømes kan ein også deponere verdipapir. Skyldnaromgrepet i deponeringslova er vidt, og omfattar både privatpersonar og selskap.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om deponering i gjeldshøve
Kortnamn
deponeringslova
Forkorting
depl
Lovdata-ID
NL/lov/1939-02-17-2

Formålet til lova er å sikre at skyldnaren kan gjere opp for seg når kreditor hindrar dette. Deponeringslova spring ut av eit nordisk lovsamarbeidobligasjonsrettens område. Ved handsaminga av fellesnordiske lovar om forsikringsavtalar vart det klart at eit forsikringsselskap, når det opptrådde som skyldnar, kunne ha nytte av høve til å deponere på tvers av Norden.

Innhaldet i lova

Når ein kan deponere

Ein rett til å deponere inntrer ved kreditormora. Dette er når det ligg føre ei forseinking (mora) som er framkalla av forhald som kreditor rår over. Lova fastset at deponering berre kan skje med frigjerande verknad i Noregs Bank.

Hovudregel om deponeringsgrunn

Eksempel på kreditormora som utløyser rett til å deponere kan vere der kreditor grunnlaust har avvist betalinga, eller der kreditor unnlatar å medverke til oppfyllinga av pengekravet. Ein vanleg deponeringsgrunn er at kreditor har ukjent tilhaldsstad, ikkje let seg finne, eller har oppgitt feil kontonummer. Manglande oppfylling av betalingsplikt er i utgangspunktet misleghald. Reglane om deponering ved kreditormora reknast difor som eit unntak frå alminnelege obligasjonsrettslege prinsipp.

Deponering utanfor forseinkingstilfella

Skyldnar kan også ha rett til å deponere dersom hen har grunn til å vera i tvil om rette kravshavar. Skyldnaren skal ikkje kunne klandrast for uvissa, og har plikt til å gjere rimelege undersøkingar innan deponeringstidspunktet. Det er berre kvalifisert tvil om kven som er kreditor som er relevant ved dette unntaket.

Forhaldet mellom kreditor og Noregs Bank

Samstundes som skuldnaren kjem fri av skulda, blir eit rettsforhald etablert mellom kreditor og Noregs Bank. For å få tilgang til det deponerte må kreditor prove sin rett. Lova fastset at banken ved tvil kan avgjere rett kreditor ved dom, eller finne ut av dette på eit anna vis. Betalar banken utan at det ligg føre rettsleg avklaring ved dom, må banken bera risikoen sjølv i tilfelle det seinare blir reist sak om rette eigar til det deponerte.

Retten til dei deponerte verdiane fell bort etter 20 år. Bestemmingane om forelding i deponeringslova trer framom andre reglar om forelding. Kreditor er difor betre sikra mot forelding av gjeldsforhaldet når skuldnaren har deponert verdiar.

Historikk

Som fleire andre lovar innan obligasjonsretten spring deponeringslova også ut av det nordiske lovsamarbeidet på dette rettsområdet.

Ved handsaming av fellesnordiske lovar om forsikringsavtalar vart det klart for delegasjonane at forsikringsselskap kunne ha nytte av like høve til deponering på tvers av Norden. Ein fann difor ut at moglegheita for forsikringsselskap eller andre til å gjere opp for seg medan ein fann ut av ein interessekonflikt over eit forsikra gode kunne vere ei pragmatisk løysing for å minske uoppgjorte gjeldstilfelle.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bergsåker, Trygve, Pengekravsrett, 5. utg, 2023

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg