Viil er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Viel som særleg har vore brukt i Numedal. Det går kanskje tilbake til eit samansett namn Vi-el der etterleddet -el har opphav i -hild på same måte som -el i Gunnel av Gunnhild. Opphavet til forleddet er usikkert.

Namnet har fleire variantar: Viel, Viil, Wiel.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Viil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg