Viel er eit kvinnenamn som særleg har vore brukt i Numedal. Det går kanskje tilbake til eit samansett namn Vi-el der etterleddet -el har opphav i -hild på same måte som -el i Gunnel av Gunnhild. Opphavet til forleddet er usikkert.

Namnet har fleire variantar: Viel, Viil, Wiel.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Viel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vágslid, Eivind 1930: [Norsk navnebok]. Døypenovn med tydingar. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg