Faktaboks

Thomas de Maizière

Karl Ernst Thomas de Maizière

Fødd
21. januar 1954, Bonn
.
Lisens: fri

Thomas de Maizière er ein tysk, kristenkonservativ politikar frå CDU.

Politisk karriere

Thomas de Maizière vaks opp i den dåverande vest-tyske hovudstaden Bonn. Han har ein juridisk doktorgrad frå universitetet i Münster, og engasjerte seg politisk alt i studiedagane. Etter valet i DDR i mars 1990 vart han presserådgivar for den nyvalde statsministeren i DDR, Lothar de Maizière, som også er søskenbarnet hans.

I denne jobben var Angela Merkel ein av kollegaene hans. Etter gjenforeininga av Tyskland i oktober 1990 gjorde de Maizière politisk karriere i den tidlegare DDR-delstaten Sachsen, før han i 2005 vart henta inn som stabssjef for den nyvalde forbundskanslaren Angela Merkel. Frå 2009 hadde han ulike ministerpostar under Merkel.

Familiebakgrunn

Familien hans er etterkommarar av franske hugenottar som utvandra til Brandenburg-området på 1600-talet etter å ha blitt invitert dit av kurfyrst Friedrich Wilhelm av Brandenburg. Familien vart splitta mellom aust og vest då Berlinmuren vart bygd. Ulrich de Maizière (1912–2006), som er Thomas' far, vart buande i vest. Der gjorde han karriere i militæret og var frå 1966 til 1972 generalinspektør for den vesttyske hæren.

Ulrichs bror, Clemens de Maizière (1906–1980), vart buande i Aust-Berlin. Han var advokat, sterkt engasjert i den evangeliske kyrkja og medlem av det austtyske blokkpartiet CDU. Clemens de Maizière er far til Lothar de Maizière.

Politiske posisjonar

  • 2004–2005: innanriksminister i delstaten Sachsen
  • 2005–2009: stabssjef ved kanslarens kontor med ministertittel
  • 2009–2011: innanriksminister
  • 2011–2013 (desember): forsvarsminister
  • 2013–2018 innanriksminister

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg