Lothar de Maizière, tysk politikar og jurist i DDR og Tyskland. Frå hausten 1989 og fram til 1991 hadde han ein leiande posisjon i arbeidet med gjenforeininga av Tyskland.

Slekta de Maizière stammar frå franske hugenottar som flytta til Berlin-området på grunn av religiøs forfølging på det seine 1600-tallet. Lothar de Maizière er utdanna bratsjist, og har spelt i fleire av DDRs orkester. På grunn av ein betennelse i armen utdanna han seg til jurist i løpet av 1970-talet. Han slo etterkvart inn på ein karriere som advokat. Han var aktiv i DDRs protestantiske kyrkje, og i tillegg medlem av det kristenkonservative blokkpartiet CDU frå 1956.

Dagen etter at Berlinmuren fall, vart han vald til leiar for blokkpartiet CDU. Dette var hans første partipolitiske verv. 18. november vart han kyrkjeminister i den nye regjeringa leia av Hans Modrow. Ved valet til DDRs parlament, Volkskammer, i mars 1990 var han toppkandidat for den tverrpolitiske alliansen Allianz für Deutschland, som var sett saman av kristenkonservative og fleire borgarrettsgrupper. Med 48,1 prosent av røystene, vart alliansen valets store vinnar. 12. april 1990 vart Lothar de Maizière til den første, og einaste, demokratisk valde ministerpresidenten i DDR. Regjeringa de Maizières viktigaste oppgåve var å førebu gjenforeininga av Tyskland.

Då Tyskland vart gjenforeint 3. oktober 1990, vart Lothar de Maizière utnemnd til minister med spesielt ansvar for dei tidlegare DDR-delstatane i Helmut Kohl si regjering. Han vart også nestleiar i partiet CDU under Kohl. 10. desember same år trykte nyhendemagasinet Der Spiegel ein artikkel der det vart hevda at Lothar de Maizière hadde vore informant for DDRs tryggingspoliti Stasi under dekknamnet "IM Czerny." Sjølv avviste han påstandane. Han trekte seg likevel frå ministerposten ni dagar seinare, den 19. desember 1990. I september 1991 gjekk han ut av politikken for godt. Då sa han frå seg plassen sin i den tyske forbundsdagen og posisjonen som nestleiar i CDU. Sidan har han arbeidd som advokat i Berlin.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.