Stavanger bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja som omfattar Rogaland fylke. Bispesetet ligg i Stavanger. Noverande biskop er Anne Lise Ådnøy som blei vigsla i Stavanger domkyrkje 17. mars 2019.
Stavanger bispedømme blei oppretta i 1120-åra og omfatta då Rogaland, Agder, Valdres og Hallingdal. I 1682 blei Kristiansand gjort til bispesete. Då Agder bispedømme blei delt 1. januar 1925, blei Stavanger bispedømme gjenoppretta og omfattar no Rogaland fylke.
Flateinnhaldet er 9 378 km2, og talet på kyrkjemedlemmar er (2021) 320 222, som tilsvarar 66 prosent av befolkninga. Bispedømmet er delt i ni prosti, 23 kyrkjelege fellesråd og 89 sokn/kyrkjelydar (2021).
Kommentarar (2)
skreiv arne kvitrud
svarte Anne Grete Nilsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.