Spegjelen var ei landsmålsavis som kom ut i Trondheim 1911–1915, og som heldt fram til sommaren 1921 under namnet Olsok. Spegjelen var talerøyr for Venstre. Albert Joleik var den første redaktøren. Klaus Sletten var og mellom dei meir kjente redaktørane.
Spegjelen var skipa av Albert Joleik og kom med første nummeret i Trondheim 23. mars 1911. Avisa skulle vere eit «maalblad til allmennlesnad» og med nyhende frå inn- og utland, «for det meste slikt som dé ikkje finn i andre blad her i landet», skreiv redaktøren. Det skulle òg vere ein samlings- og øvingsstad for folk som skreiv landsmål. Den politiske orienteringa vart nærare markert i juli same året: «Blade skal vere vinstreblad og arbeide for vinstre sine sakjer.»
Stofftilfanget var variert. Avisa skulle vere ein spegel der lesarane skulle kunne sjå seg sjølve og interessene sine. Nyhendeartiklar og notisar frå nært og fjernt blir blanda med drøftingar og kommentarar, dikt og lesarbrev, skjemt og alvor, meldingar frå mållag og ungdomslag, og lysingar. I Joleiks redaktørtid speglar avisa òg hans eigne interesser: landbruk, målsak, militærvesen og utanrikspolitikk. Ved tematisk mangfald og perspektiv stod avisa etter kvart fram som eit alternativ til Den 17de Mai.
Joleik redigerte bladet ut 1913, då han reiste til Bergen for å ta til som journalist i Gula Tidend. Broren Marius tok over nokre månader, deretter sat Peter Benum på redaktørsetet ut 1915 og endra avisnamnet til Olsok frå 1. april same året.
Olsok heldt det gåande til sommaren 1921. Redaktørane kom og gjekk: Eirik Sunnset, Klaus Sletten, Sturla Brørs og O. Nesheim, P. Jæger Leirvik og den siste tida Einar Døhl.
Det meste av tida kom Spegjelen og Olsok med to nummer i veka. Bladet sleit med økonomien. Spegjelen hadde på det beste vel 2000 tingarar, dei fleste i Trøndelag, somme på Vestlandet og nokre også i Nord-Noreg og Gudbrandsdalen. Lesarkrinsen var variert. Mellom tingarane finn vi lærarar, forfattarar, prestar, sakførarar og andre som var aktive i målpressa, ved sida av folk frå jordbruk, handel og handverk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.