Solfrid Sivertsen

Faktaboks

Solfrid Sivertsen
Født
29. desember 1947, Mosterhamn i Bømlo, Vestland.

Artikkelstart

Solfrid Sivertsen er bibliotekar og forfattar av stillfarande realistiske dikt, noveller, romanar og barnebøker.

Bakgrunn

Solfrid Sivertsen er fødd i Mosterhamn i Bømlo i Hordaland (no Vestland). Ho er syster til den avdøde artisten Kenneth Sivertsen. Tidlegare har ho arbeidd på sjukehus i England og som resepsjonist i Bergen. Ho har arbeidd som bibliotekar i tillegg til forfattaryrket.

Forfattarskapen

Ho debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Diktsamlinga Bortanfor mellomste rommet kom i 1988 og debutromanen Grøn koffert i 1994. Ho har gitt ut fleire barnebøker, den første var På ein krakk, på ein stol (1998).

Sivertsen skriv lyrisk, utan klisjear og med innsikt om tilsynelatande kvardagslege ting utan å sjokkere. Ho skriv om omsorg, kvardagsliv, barndom, lagnader, lengt, sanning og livsløgner. Ho meistrar kombinasjonen av stillfarande realisme og stor dramatikk.

Utmerkingar

I 1994 fekk Sivertsen Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2010 vann ho førsteprisen i MARGboks romankonkurranse med Før klokka fire.

Bibliografi

  • Ho sykla bort og andre noveller (Noveller, Samlaget, 2018)
  • Før klokka fire (Roman, Margbok, 2010)
  • Eit plutseleg mørke (Roman, Samlaget, 2008)
  • Små, små løgner (Noveller, Samlaget, 2006)
  • Fillebikkja og Frida (Barnebok, Samlaget, 2003)
  • Trappa (Noveller, Samlaget, 2001)
  • Ein storebror som Magnus (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • På ein krakk, på ein stol. (Barnebok, Samlaget, 1998)
  • Langtidsvarsel. (Roman, Samlaget, 1996)
  • Grøn koffert. (Roman, Samlaget, 1994)
  • Bak glaset. (Noveller, Samlaget, 1991)
  • Bortanfor mellomste rommet. (Lyrikk, Samlaget, 1988)
  • Porselensfiguren. (Noveller, Samlaget, 1986)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg