Faktaboks

Sigurd Nesse
Fødd
31. mars 1852, Balestrand, Vestland
Død
1955, Lillehammer, Innlandet

Sigurd Nesse var lærar, kulturarbeidar og målreisar. Han arbeidde for norsk mål i skulen i ei språkpolitisk brytingstid. Nesse skreiv også fleire bøker på landsmål.

Nesse starta lærarutdanninga på Balestrand lærarseminar og fullførte studiet på Stord i 1872. Den første lærarposten fekk han i 1873 i Haukedalen i Førde, Sunnfjord. Han flytta så etter fire år til Norane i Sogndal og kom her inn i miljøet kring folkehøgskulen, der nasjonal kulturreising på kristen grunn stod sterkt.

Den nasjonalt oppglødde læraren slo seg ned i Vik i Sogn hausten 1882. Kristendom og norskdom var viktige element i undervisninga hans, og han vart snart ein profilert kulturarbeidar og målreisar i Vik. Norsk mål i skulen vart ei stor stridssak i vikjaskulen, og etter langvarig og hard strid med riksmålsfolket i bygda reiste Sigurd Nesse frå Vik til Eidsvoll i 1893. Her arbeidde han i skulen heilt fram til 1923. Ved sida av lærargjerninga skreiv han spelstykke, diktsamlingar og forteljingar på landsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sigurd Nesse
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037041008047

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg