Faktaboks

Ola Nesse

Ola Gunnarson Nesse

Fødd
14. august 1845, Kvamsøy, Vestland
Død
25. februar 1934, Bergen

Ola Nesse var emissær (lekmannsforkynnar). Han var av dei aller første som brukte norsk landsmål ved offentleg andakt og bøn.

Bakgrunn

I unge år var Nesse bygningsarbeidar, men frå 1879 vart han «bibelbod» for indremisjonen i midtre Sogn. I 1891 vart Nesse kalla til emissær i Bergens indremisjon, og han vart buande i byen resten av livet. I periodar verka han over store delar av Vestlandet som forkynnar for Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Frå 1905 til 1907 var han formann i denne organisasjonen.

Som emissær la Nesse stor vekt på den diakonale sida av tenesta. Langt opp i eigen alderdom gjekk det knapt ein dag utan at han såg innom hos sjuke og andre trengande.

Ein av brørne hans var læraren og forfattaren Sigurd Nesse.

Forkynning på landsmål

På 1800-talet var det vanleg å bruke såkalla postillespråk, eller klokkardansk, når ein talte med utgangspunkt i bibeltekstar. Men Nesse fann det unaturleg og endra snart praksisen: «Naar eg tala heile Dagen Sognemål umkring i Stovene, so kjendest det noko uvant aa tala Dansknorsk naar eg kom i Skulehuset um Kvelden».

Talar og sjelesørgjar

Som talar og sjelesørgjar hadde Nesse omsorg for både unge og gamle. Barna i søndagsskulen skal ha likt han godt, og i bøkene sine er han oppteken av formidlinga til dei små: «Eg saknar so det at presten hev noko aa segja til borni, som sit der i kyrkjestolane. Naar eg reiser for sundagsskulen og kjem i samrødor med prestar, so minner eg dei um dette.»

Kjeldene skildrar Nesse som smålåten, men med gode evner både til å fortelje og å syngje. Særleg lag skal han ha hatt med barna. Når han kom inn ein stad, tok han gjerne kniven or slira og spikka vedskier om til hanar eller andre figurar til dei små. Slikt skapte tillit og opna for fine samtalar.

Preiker

I preikeboka Ordet um krossen frå 1907 var Ola Nesse representert med tretten preiker. Året etter gav utgivaren Henrik Kaarstad, saman med Gudleik Kalsnes, ut Or livsens vatn, med kortare andakter for kvar dag i året. Der står Nesse bak dei 31 tekstane f.o.m. 1. september t.o.m. 1. oktober.

Utgivingar

I 1920 gav Nesse ut Stjerneljos for born og ungdom og året etter Guds menn og mannsverk. Bøkene er på knapt femti sider kvar, og innhaldet vil oppmuntre ungdomen til kristen tru og eit moralsk liv.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • B[arstad], J[ohannes] (1925): «Ola Nesse», i Stille Stunder nr. 34 (37. årg.), 22.8.1925
  • Eikrem, P.S. (1937): Ola Nesse. Bergen: Sambåndet
  • Hagesæther, Olav (1993): «Ola Nesse – ein sermerkt norsk lekpreikar», i Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok. Bergen: Kyrkjesogelaget
  • Hovland, Per (1935): «Ola Nesse», i Jol i Sogn
  • Nesse, Ola (1921): Guds menn og mannsverk. For born og ungdom. Bergen: Lunde

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg