Reinert Torgeirson

Faktaboks

Reinert Torgeirson

Reinert Mareilius Torgersen

Født
12. juli 1884, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
30. november 1969, Oslo
Reinert Torgeirson var journalist, redaktør og forfattar. Han var ein pioner i arbeidarrørsla først på 1900-talet. Foto frå rundt 1927–1930.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Reinert Torgeirson var ein norsk journalist, redaktør og forfattar. Han var ein pioner i arbeidarrørsla først på 1900-talet og var med på å stifte Norges Kommunistiske Parti.

Reinert Torgeirson var fødd i ÅlesundSunnmøre. Han starta arbeidslivet som fiskar, men fekk i 1902 jobb som kontorist. I 1907 melde han seg inn i Ålesund Arbeidarparti og byrja å skrive for den lokale partiavisa. Han var journalist i Ny Tid i Trondheim i 1910–1915, forretningsførar for Arbeidarpartiet sitt ungdomsforbund i 1915–1918 og forlagssjef i partiet i 1919–1923. Då Norges Kommunistiske Parti vart stifta i 1923, vart han redaktør for partiet si avis i Ålesund, og frå 1925 til 1929 for partiavisa i Bergen.

Torgeirson si drivkraft var ønsket om å sikre arbeidsfolk politisk styrke, økonomisk framgang og kulturell sjølvtillit. Gjennom journalistikken nådde han mange, og gjennom diktinga endå fleire. Han gav ut diktsamlingane Under rødt flag (1915) og Digte (1920), skreiv patriotiske songar om heimbyen, hyllingsdikt til tyske revolusjonære og teaterstykke med arbeidsfolk i hovudrollene. I 1929–1930 var han student ved Lenin-skulen i Moskva. Utviklinga i den nye Sovjetstaten gjorde han kritisk til kommunismen, og i 1937 melde han seg ut av Norges Kommunistiske Parti.

I trettiåra var Torgeirson medarbeidar i Arbeidermagasinet, ein ny type blad, som satsa på meiningsfull underhaldning. Her bidrog han med reportasjar og noveller, teater- og litteraturkritikk. Etter krigen var han frilansforfattar og frå rundt 1950 redaktør i fråhaldskafeane sitt forbundsblad.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ivar Gunnar Braaten: «Reinert Torgeirson og Ålesund», Årbok for Sunnmøre, 2014
  • Jostein Fet: «Reinert Torgeirson (1884–1969)», Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Martin Nag: Glemte arbeiderdiktere. Oslo 1975. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Gunnar Lund: «Arbeiderveteranen Reinert Torgersen er død». Friheten nr. 17/1970
  • Artiklar om Reinert Torgeirson i Friheten 15.5.1948, 2.12.1966 og 1.–6.12.1969

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg