Faktaboks

Ragna Breivik
Fødd
9. september 1891, Fana (no Bergen, Vestland)
Død
10. mars 1965, Fana (no Bergen, Vestland)
Portrettbilde
Ragna Breivik ved veven.

Ragna Breivik var ein norsk vevkunstnar. Ho brukte uvanlege tekstile teknikkar i den store teppeproduksjonen sin. Mest kjent er Breivik for å omsetje Gerhard Munthes illustrasjonar til billedvev.

Bakgrunn

Ragna Breivik var fødd i Fana i dagens Bergen i Vestland. Før ho var ti år gamal hadde ho lært å veve åkle og bruke plantefargar i garnet. Ho fekk utdanning ved dei kvinnelege industriskulane i Bergen og Oslo og arbeidde på vevstova til Augusta Christensen. Hos Christiansen lærte ho seg ein spesiell teknikk. I staden for å farge garnet som ho spann sjølv, så farga ho ulla og blanda fargane medan ho karda. Det førte til at garnet blei meir levande i karakteren sin.

Kunsten

Billedvev
Ragna Breivik har vevd motivet etter Gerhard Munthes De tre Bukkene Bruse.
Billedvev
Av .

28 år gamal møtte ho kunstnaren Gerhard Munthe, og den nasjonale ånda ho fann i hans kunst, vart retningsgivande for det ho sjølv seinare skapte. Åsmund Frægdagjeva-syklusen til Munthe sine akvarellar som henger i Rasmus Meyers samlingar er det fremste verket til Breivik. Det er ei samling på ti store biletteppe som tok 25 år å fullføre. Det var først lenge etter at kunstnaren var død at dei fekk sin faste utstillingsplass i Hordamuseet på Stend i Fana. Museet har òg åtte teppe etter Breiviks eigne teikningar. Domedag eller Gjallarbrui i Fana kyrkje og Draumkvædet er laga etter Munthe sin komposisjon.

Munthe betrakta Ragna Breivik som sin yndlingsveverske. Grunnen til dette ligg antakeleg i måten ho behandla garnet på. Ulrikke Greve ved kunstveveriet på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum meinte at ho og kollegaene hennar var opptekne av at garnet skulle ha same fargenyansar som Munthes originalar. Resultatet var ein karakterlaus og blass billedvev.

Utstillingar og tekstillærar

Breivik arbeidde i USA i 1927–1932 og stilte då ut mellom anna i Metropolitan Museum of Art. På verdsutstillinga i Rio de Janeiro i 1922–1923 vann ho gullmedalje. Både før og etter opphaldet i USA var Breivik tekstillærar ved Bergen Kunsthåndverksskole (no Universitetet i Bergen).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Åse Enerstvedt (1991). Ragna Breivik: Et liv ved veven, Eide forlag
  • Hjørdis Danbolt (1982) «Ragna Breivik», Norsk kunstnerleksikon, Universitetsforlaget
  • Magnus Hardeland (1966). «Ragna Breivik og hennar verk», Frå Fjon til Fusa

Faktaboks

Ragna Breivik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036693002123

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg