Ovar, som er eit nytt mannsnamn (1894), kan vere samansett av O- frå til dømes Oberg og -var frå til dømes Oddvar. Namnet Ovard er brukt tidlegare (1870), og Ovar kan også reknast som ein variant av Ovard.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Ovar Olsen fødd 1894 i Stange (Hedmark), busett i Eidsvoll i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Ovar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1994: Ovar. [Upsala Nya Tidning] 13. september 1994.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg