Nynorsk Pressekontor er eit nyheitsbyrå med hovedoppgåve å sende ut allsidig pressestoff på nynorsk til norske nyheitsmedium.
Pressekontoret vart oppretta i 1969 etter at Stortinget løyvde pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. NPK vert drive som ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Det har sidan 2007 hatt eit praktisk samarbeid med NTB. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga. NPK legg vekt på nyheiter om kultur, primærnæringar, miljø og helse. Rundt 40 norske aviser mottar meldingar frå NPK.
Kommentarer (2)
skrev Berit Rekve
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.