Mindolf er eit nylaga mannsnamn (1885). Mind- kan komme frå til dømes Minda. Etterleddet -olf finst i mange namn, til dømes Ingolf.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var snikkar Mindolf K. Stutsrud fødd 1885 i Våler (Hedmark).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Mindolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg