Magdalen er eit kvinnenamn som er e-laus form av Magdalene som går tilbake til det andre førenamnet på Maria Magdalene. Ho kom frå staden Magdala ved Genesaretsjøen, og det greske [he Magdalene] tyder ‘kvinne frå Magdala’. Ved dobbeltnamnet Maria Magdalena kan ho skiljast frå andre kvinner som heiter Maria i Det nye testamentet.

Namnet har fleire variantar: Magdalen, Magdalena, Magdalene.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Magdalen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg