Liv Nysted

Faktaboks

Liv Nysted
Født
27. august 1949, Alvdal, Innlandet
Død
21. mars 2010, Oslo

Artikkelstart

Liv Nysted var ein norsk forfattar og litteraturkritikar. Ho skreiv romanar om den umoglege draumen om kjærleik.

Bakgrunn

Liv Nysted var fødd i Alvdal i Hedmark (no Innlandet) og døydde i Oslo. Ho tok forfattarstudiet i i 1983 og blei cand.philol. med hovudfag i nordisk språk og litteratur i 1986 frå Universitetet i Trondheim (no NTNU). Nysted var avdelingsleiar for Trøndelag forfattersentrum i perioden 1988–1994.

Forfattarskapen

Ho debuterte i 1985 med kortprosasamlinga Alltid disse bildene på nippet til å bli synlige, der ho driv ap med kjærleikslivet til generasjonen sin. Denne vart følgt av romanen Samle på i morgen, vente til i går (1988). Nysted gav etterkvart ut sju romanar. Nysted fekk det litterære gjennombrotet sitt med den friske og freidige Som om noe noengang tar slutt (1990), ein «annleis» kjærleiksroman om moden erotikk. Som om noe noengang tar slutt (1990) vekte oppsikt på grunn av det originale konseptet og den elegante framstillinga.

Seinare gav ho ut mellom anna romanane Balladen om Ewi Halvorsen (1991), Ensomheten har syv huder (1992) og Du var så vakker over meg (1995). Du var så vakker over meg (1995) skildrar nærgåande og openhjarta eit sadomasochistisk forhold, noko som vekte oppsikt.

Der husa står ute om vinteren kom i 1998, og handlar om livet i ein avvenningsinstitusjon for rusavhengige. Der husa står ute om vinteren er på mange måtar ein ellevill roman i all sitt alvor. Metastase (2003) skildrar korleis ei elskarinne opplever situasjonen sin og den vanskelege posisjonen ein har som elskarinne. Stilsikkert og med god forteljarevne skildrar ho den umoglege draumen om kjærleik i den seksualfikserte samtida i desse romanane.

Nysted redigerte dessutan fleire essaysamlingar. Saman med Jon Ewo redigerte ho essaysamlingane Huspostill for 1990-åra (1990) og Reisesirkel. En europeisk ring (1991), og saman med Sissel Lie Veien langs linjene (1993) og Samtale med et svin (1995), ein antologi om litteraturkritikk.

Utmerkingar

I 1990 fekk ho Nynorsk litteraturpris for Som om noe noengang tar slutt. Nysted skreiv både bokmål og nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3, Oslo 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg