Lene Vågslid

Faktaboks

Lene Vågslid
Født
17. mars 1986, Tokke, Vestfold og Telemark
Lene Vågslid.
Stortinget.

Artikkelstart

Lene Vågslid er lærar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Telemark frå 2010.

Bakgrunn

Lene Vågslid er fødd i Tokke kommune i Telemark (no Vestfold og Telemark). Ho fullførte i 2010 bachelorgrad i praktisk-estetiske fag frå Høgskolen i Telemark (no Høgskolen i Sørøst-Norge) og har årsstudium i barnevernspedagogikk.

Politisk karriere

Vågslid skipa lokallag av AUF i Tokke då ho gjekk på vidaregåande skule. Ho var leiar i Telemark AUF i 2003–2006, styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003 og representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Telemark frå 2007. Vågslid har vore leiar av Bø Arbeidarparti og er leiar av kvinnenettverket i Telemark Arbeidarparti. Ho blei vararepresentant til Stortinget i 2009, og møtte fast i den perioden frå oktober 2010 for Gunn Olsen.

Vågslid er sidan 2013 innvald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark. Ho sat i familie- og kulturkomiteen på Stortinget i 2009–2013 og i perioden 2013–2017 var ho medlem av justiskomiteen. Ho var leiar av justiskomiteen i 2017–2021 og leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen i 2021–2025. Politisk har ho arbeidd mellom anna for å styrkje barnevernet, for kultur, likestillingstiltak og fleire forsøk ved assistert befruktning.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg