Laura Djupvik

Faktaboks

Laura Djupvik

Laura Helen Djupvik

Født
20. april 1970, Gurskøy, Sunnmøre
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Laura Djupvik er ein norsk forfattar, omsetjar, journalist og forlagsarbeidar. Ho skriv om eksistensielle spørsmål.

Bakgrunn

Laura Djupvik er er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo, med faga historie, musikk og folkloristikk (1991–95) og litteraturvitskap (2002). Djupvik har arbeidd som lærar, som journalist i Vårt Land, Morgenbladet og Nationen, og som litteraturformidlar og konsulent ved Deichman bibliotek. Djupvik skriv i Syn og Segn og har sete tre år i Det litterære råd i foreininga Norske Barne- og Ungdomsbokforfattarar (NBU).

Forfattarskap

Djupvik debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten, ei forteljing om den unge kvinna Dagny som gjenopplever barndomen og oppveksten sin på ei øy på Vestlandet, der ho voks opp i skuggen av mora og storesystera.

Barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin kom i 2007. Elleve år gamle Daniel er hovudpersonen i boka, som handlar om korleis det er å vere annleis i ei lita bygd, om venskap og musikk. Djupvik tek i begge bøkene opp eksistensielle spørsmål som liv og død og meininga med livet. I 2014 kom barneboka God dag, herr Jul.

I lettlesboka Den magiske kulen, som kom i 2009, er emnet kjærleik og at det er lov å vere annleis. Djupvik skriv om kvardagslege emne som unge jenter er opptekne av, på ein original og spennande måte. Ho skriv eit enkelt og godt språk og skildrar scener med sterke kjensler utan at dei blir sentimentale.

Utmerkingar

Djupvik blei tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris i 2008 for Hundre appelsinar og ein fiolin.

Utgivingar

  • No fær huset. Forteljingar (Samlaget, 2020)
  • Hjartet er ingen logrande hund (Roman, Samlaget, 2019)
  • Den andre søstera (Lettlesbok, Samlaget, 2018)
  • Jenta i kista (Barnebok, Samlaget, 2019)
  • God dag, herr Jul (Barnebok, Samlaget, 2014)
  • Kvitt (Roman, Kolon, 2013)
  • Den magiske kulen (Barnebok, Samlaget, 2009)
  • Hundre appelsinar og ein fiolin (Barnebok, Samlaget, 2007)
  • Båten er så liten (Roman, Samlaget, 2004)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg