Kjersti Toppe

Faktaboks

Kjersti Toppe
Født
20. oktober 1967, Bergen, Vestland
Av /Samfoto/NTB.

Artikkelstart

Kjersti Toppe er lege og stortingsrepresentant for Senterpartiet i Hordaland sidan 2009. Som helsepolitikar har ho profilert seg som ein politikar som vil nytte lovverket til å betre folkehelsa. Sidan 2021 er Toppe barne- og familieminister i regjeringa Støre.

Bakgrunn

Kjersti Toppe er fødd i Åsane i Bergen i Hordaland (no Vestland). Etter å ha fullført Åsane gymnas i 1986 utdanna ho seg til lege ved Universitetet i Bergen (1992). Ho har vore kommunelege i Bremanger (1996–1997) og i Bergen (1999–2002).

Politisk karriere

Toppe var medlem av Bergen bystyre for Senterpartiet i frå 2003 til 2009. I perioden 2007–2009 var ho òg medlem av fylkestinget i Hordaland. Sidan 2009 har ho vore fast stortingsrepresentant for Senterpartiet på Stortinget. I perioden 2009–2021 var ho første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen. Ho var òg netsleiar i gruppestyret for Senterpartiet i perioden 2017–2021.

Som helsepolitikar har Toppe vore kontroversiell fordi ho har ønskt å nytte lovverket til å betre folkehelsa i større grad enn slik lovverket blir nytta i dag. Ho har mellom anna foreslått å forby solarium for ungdomar, alkoholservering etter kl. 02.00, treliterskartongar med vin og snus på skular.

Toppe har markert seg som motstandar av å organisere spesialisthelsetenesta som helseføretak, og ho vil at sjukehusa skal styrast av dei folkevalde. Som tidlegare kommunelege har ho òg engasjert seg for at legane skal ha meir tid til pasientane og bruke mindre tid til byråkratiarbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg