Jutulhogget

Jutulhogget er ein canyon i Alvdal og Rendalen kommunar, Innlandet fylke. Det vart verna som naturreservat i 1959. Juvet deler namn med Jutulhogget i Rondane.

Jutulhogget skjer seg nesten igjennom Barkaldkjølen mellom Glåmas dalføre og Tylldalen, i høvesvis Alvdal og Rendalen kommunar. Gjelet blir avslutta mot vest som ein botn, mot aust ved elva Tysla. Dei stupbratte veggene i den vestre delen har ei høgd på om lag 100 meter, lenger aust aukande til 220–240 meter. Breidda ved den øvre randa er frå 150 til 500 meter. Gjelet er 2,5 kilometer langt, og hovudretninga er vest–aust. Jutulhogget er truleg utgrave under ei «katastrofetapping» av ein bredemt sjø, Nedre Glåmsjø, som under avslutninga av istida fylte dei øvre delane av Østerdalen. Det er gjort utrekningar som syner at vassføringa under tappinga kan ha vore 180 000 kubikkmeter per sekund.

Namnet knyter seg til ei segn om at det var Rendalsjutulen som hogg fjellkløfta for å føre Glåma over i Rendalen, noko han i siste liten vart hindra i av Glåmdalsjutulen, som slo han i hel. I vår tid blir for øvrig vatn frå Glåma overført i tunnell til Rendalen, sjå Rendalen kraftverk.

Kart

Jutulhogget
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg