Julius Berg Baumann

Faktaboks

Julius Berg Baumann

Julius Baumann, Julius B. Baumann

Født
25. desember 1870, Kiby i Vadsø, Troms og Finnmark
Død
3. oktober 1923, Carlton, Minnesota, USA

Artikkelstart

Julius Berg Baumann var ein norsk-amerikansk forfattar, foreiningsmann og folketalar. Han var ein svært viktig kulturpersonlegdom blant norske utvandrarar i USA og Canada.

Julius Baumann var fødd i Kiby ved Varangerfjorden i Finnmark. Etter to år på amtsskule i Vadsø arbeidde han som fiskar og kjøpmann, før han emigrerte til USA i 1891. Til kring 1901 budde han i Wisconsin, resten av livet i Carlton, Minnesota. Han tok tilfeldige jobbar som baud seg, til han i 1911 fekk stilling som bokførar i Carlton. Den stillinga hadde han til han døydde.

Baumann synte seg fort som ein leiartype. Han samla ungdom til samankomstar og lærte dei song og musikk og talekunst. Han var ein etterspurd foredragshaldar og kjend for å tale utan manuskript. Ei av fanesakene hans var fråhaldsrørsla, og han var med på å stifte ei rekkje godtemplarforeiningar. I Minnesota var han aktiv i Nordlandslaget og ivra for at det skulle gi ut sitt eige tidsskrift. Det kom i 1911, med Baumann som redaktør frå 1913 til 1923.

Han byrja å skrive songar og hyllingsdikt til foreiningane han var med i, og i 1896 stod det første diktet på trykk i Skandinaven. I 1909 kom diktsamlinga Digte, i 1915 Fra vidderne. Nye digte og i 1924 Samlede Digte. Språket til Baumann var dels riksmål, dels dialekt, og nokre dikt var på nynorsk. Temaa krinsa om livet i det nye landet og saknet av det gamle. Målet var at nordmenn skulle kjenne seg att i poesien, og kjenne seg heime i USA. Mange av dikta er omsette til andre språk.

I Vadsø har han fått ei gate oppkalla etter seg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Biografiske opplysningar om Baumann i Samlede digte , Minneapolis 1924
  • Asbjørn Eidnes: «Julius B. Baumann – norskamerikanar og nordlandspoet». Håløygminne nr. 4, 1981
  • John Heitmann: «Julius B. Baumann. A Biographical Sketch», Norwegian-American Studies and Records 15 (1949)
  • Marit Martinsen: Fembøringen på prærien. Nordlandslaget af Amerika 1908–1945. Hovudfagsoppgåve, Universitetet i Tromsø 2003. Digitalt tilgjengeleg hos Munin, UiT
  • Orm Øverland.: The western home: a literary history of Norwegian America. Illinois 1996

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg