Håløygminne er eit lokalhistorisk tidsskrift utgitt i Harstad frå 1920, frå 2021 vart tidsskriftet ein del av Sør-Troms museum. Håløygminne er det einaste reint lokalhistoriske tidsskriftet for heile Nord-Noreg, men det populærvitskaplege tidsskriftet Ottar, gitt ut av Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, innheld også mykje lokalhistorie frå den nordlegaste landsdelen.

Håløygminne kom til etter initiativ frå historieprofessor Halvdan Koht, som oppmoda lærar og rektor Hans Eidnes om å gå i gang med dette arbeidet. 8. mai 1920 vart skipingsmøtet halde i Harstad. Hålogaland Historielag vart då skipa som formell utgivar av tidsskriftet. Hans Eidnes var redaktør frå 1920 til han døydde i 1962. Lektor Asbjørn Eidnes tok då over redaktøransvaret. Frå 2009 til 2021 var pensjonert rektor Vidkunn Eidnes redaktør, og han sat også i redaksjonen frå tidsskriftet vart ein del av Sør-Troms museum til han døydde i 2023.

Tidsskriftet inneheld stoff om nordnorsk historie, folkeminne og tradisjon. Både profesjonelle historikarar og amatørar har publisert stoff i tidsskriftet. Til dømes har det kome verdifulle artiklar frå Halvdan Koht, Just Qvigstad, Axel Coldevin og Nils A. Ytreberg og fleire. Mange artiklar er signerte av forskarar frå UiT Noregs arktiske universitet og Tromsø Museum. Redaktørane har levert mykje stoff, og dessutan har Finn Myrvang vore ein flittig bidragsytar med artiklar om namn og namnetydingar. Til saman har over 350 personar publisert artiklar i tidsskriftet.

Håløygminne kjem ut med fire hefte i året, kvart på mellom 24 og 32 sider. Opplaget var i 2011 på om lag 550 eksemplar, men tingartalet hadde falle til 375 i 2019. Illustrasjonen på framsida har vore i bruk sidan 1922 og er laga av Olav Solvang.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg