Josef
Josef blir gjenkjent av brødrene sine. Maleri fra 1863.
Av /Musée municipal Frédéric Blandin.
Josef fristes
Historien er fra Det gamle testamentet mens jødene er i Egypt. Hustruen til Potifar, en egyptisk livvaktssjef, forsøker å forføre Josef. Hun lykkes ikke, men fordi han mister kappen da han flykter, hevner hun seg ved å beskylde ham for å prøve å ligge med henne.

Josef er ein bibelsk person, son av stamfaren Jakob og kona hans Rakel. Josef er hovudpersonen i første Mosebok, kapittel 37–50, eit drama om misunning, svik og manipulering mellom tolv brør. Josef blir eit døme på korleis menneske blir prøvde både i medgang og motgang – og til sist består prøva, med Guds hjelp.

Forteljinga

Josef blir gjennom heile oppveksten favorisert av faren Jakob. Han legg tidleg fram spesielle evner: Han er sanndrømt og kan dessutan tyde drøymar.

Josef blir seld som slave av dei misunnelege brørne sine. Han kjem til Potifars hus i Egypt, der han oppnår ein høg posisjon, men blir kasta i fengsel på grunn av falske skuldingar om overgrep framført av Potifars hustru. Etter å ha tolka Faraos drøymer, og slik redda Egypt frå hungersnød, blir Josef likevel sett fri og opphøgd til den mektigaste mannen i riket og faraos mest fortrudde rådgivar. Brørne, som trur Josef er død, kjem til Egypt på grunn av hungersnøda. Etter eit lengre narrespel mot dei blir Josef forlikt og brørne og heile familien blir gjenforeint i Egypt.

Fleire av karakterane og hendingane i historia har blitt kjende symbol, som blir refererte til også utanfor rammene til bibelforteljinga. Dette gjeld blant anna Potifars hustru (erketypen på den utru og hemngjerrige hustrua), og Josefs elleve brør (eit symbol på svik og tilgiving).

I kunst og litteratur

Josefs historie har ofte blitt brukt som motiv i kunst og litteratur. Nokre døme på dette er:

  • hovudpersonen i Thomas Manns romansyklus Joseph und seine Brüder (4 bind, gitt ut i 1933–1943. Norsk omsetjing gitt ut i 1993–1995)
  • Georg Friedrich Händels oratorium Joseph and his Brethren (Josef og brørne hans, 1744)
  • Étienne Nicolas Méhuls opera Joseph (1807)
  • musikalen Joseph and the Amazing Technicolour Dreamcoat (1968, revidert i 1972, 1973 og 1991) med musikk av Andrew Lloyd Webber og tekst av Tim Rice

Forteljinga er òg gjengitt som spelefilm (Joseph, regissert av Roger Young, 1995) og som animasjonsfilm (Joseph: King of Dreams, regissert av Rob LaDuca, 2000).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg