Jon Klæbo

Faktaboks

Jon Klæbo
Født
15. september 1839, Glein på Dønna
Død
29. august 1874

Jon Klæbo var ein norsk forfattar og lyrikar. I si samtid var Klæbo ein anerkjend forfattar. Mest kjend er han for folkelivsskildringar frå Nordland, mellom anna forteljinga Ho Dun-Sesel. Klæbo tok tidleg landsmålet i bruk i diktinga si og vart ein ivrig forkjempar for målsaka.

Utdanning og arbeidsliv

Kløbo var fødd på Dønna og tok lærareksamen ved seminaret i Tromsø i 1859. Etter ei tid som huslærar i Lyngen reiste han til Christiania der han tok examen artium i 1864 og førebuande prøver til universitetet året etter. Klæbo tok tidleg landsmålet i bruk sjølv om han skreiv artiklar og bokmeldingar på dansk.

Forfattarskap

I aviser og tidsskrift publiserte han dikt og forteljingar, til dømes Ho Dun-Sesel (1973), men også lange artikkelseriar som «Træk af det norske folks aandsliv» (1868) og den første biografien over A. O. Vinje (1873-74; uavslutta).

Skrivinga tok etter kvart mykje tid, og ved sida av arbeidet som lærar, blei det lite tid til teologistudiet han hadde begynt på. Tæringssjukdomen mot slutten av 1860-åra gjorde at han i 1871 flytte til Hardanger i håp om å bli frisk. Han døydde like før 35-årsdagen, og er gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard.

Samleutgåver

Det meste som Klæbo skreiv blei samla og gjeve ut i boka Digte og Fortælllinger samt A. O. Vinjes Livshistorie (1888), medan eit nynorsk utval kom ti år seinare, Songar og sogor (1898).

I 2013 blei ein omfattande biografi og alle dikta og forteljingane som Klæbo skreiv frå Nordland gjeve ut på nettsida bokselskap.no under tittelen Nordlandsliv. Med mindre endringar kom papirutgåva av denne boka ut i 2018; båe utgåvene i modernisert språkform ved Hans H. Skei.

Minnesmerke

På heimstaden blei det i 1934 reist ein bauta til minne om den løfterike diktaren som døydde så ung.

Familie

Jon Klæbo var fetter av biskop Anton Chr. Bang.

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg