Faktaboks

Jon Hustad
Fødd
25. mars 1968, Ørsta
Død
12. oktober 2023, Oslo
Jon Hustad, nært portrett i mørk jakke, hvit skjorte og slips.
Jon Hustad i forbindelse med lansering av boken Varsleren i 2006.
Jon Hustad
Av /NTB.

Jon Hustad var ein norsk journalist, forfattar og samfunnsdebattant. Han er mest kjent som kritisk og hardtslåande kommentator i vekebladet Dag og Tid, der han arbeidde frå 2009 til han døydde i 2023.

Jon Hustad hadde ein skarp og nådelaus penn som sette djupe merke etter seg, fordi han ofte gjekk motstraums og målbar uventa og originale synspunkt i aktuelle politiske saker og på kultursektoren.

Hustad hadde hovedfag i historie frå Universitetet i Oslo i 1997 på ei avhandling om amerikansk politikk. Etter studia arbeidde han ei tid som lektor, og vart så tilsett som journalist i Klassekampen, deretter i Morgenbladet før han kom til Dag og Tid. Hustad tok og på seg oppgåva som programleiar i TV2, der han mellom anna leia debattprogrammet «Harde fakta» (2012).

Jon Hustad skreiv fleire bøker, mellom anna Varsleren (2006), Farvel Norge (2013) og ei bok om Winston Churchill (2014).

Utmerkingar

  • Ole Vig-prisen (2002)
  • Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar (2016)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg