Jacob Aaland

Faktaboks

Jacob Aaland
Født
27. april 1865, Randabygda i Stryn, Vestland
Død
18. oktober 1950, Sandane i Gloppen, Vestland

Artikkelstart

Jacob Aaland var historikar, lærar og forfattar. Gjennom heile livet dreiv han lokalhistorisk gransking, særleg i Nordfjorddistriktet.

Jacob Aaland var fødd i Randabygda i Stryn. Han var elev ved amtsskulen i Gloppen 1881–1882 og tok eksamen ved Stord lærarskule i 1884. Seinare gjekk han mellom anna på Den gymnastiske Centralskole i Kristiania. Aaland arbeidde som lærar i folkeskulen først i Sigdal, Brevik og Kragerø fram til 1892, deretter ved ulike skular i Bergen fram til 1932. I 1917–1919 redigerte han avisa Fjordenes BladNordfjordeid.

Den store interessa til Aaland var lokalhistorie, og han busette seg i Bergen for å kunne vere nær kjeldematerialet i Stiftsarkivet (no Statsarkivet). Han var med på å starte Nordfjord historielag i 1907 og skreiv ei rekkje lokalhistoriske bøker og artiklar. Frå 1909 til 1943 arbeidde han med hovudverket sitt, Nordfjord fraa gamle dagar til no (1909–1943), ei bygdebok i fem bind om bygdene frå Stryn i aust til Selje og Vågsøy i vest, som på folkemunne berre vert kalla «Aalandsboka». Frå 1914 til 1919 fekk han statsstipend for å halde på med dette arbeidet. Aaland refererte først og fremst historiske fakta, han var mindre oppteken av å skrive samanfattande verk med eigne tolkingar.

Aaland var òg politisk engasjert og aktiv i organisasjonslivet. Ei tid var han representant for Venstre i bystyret i Bergen, og han var leiar mellom anna for Bergens lærersamfund.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg