Inge Særheim er ein norsk språkforskar og namnegranskar. Han er ein av dei fremste didaktikarane innanfor namnefaget.
Inge Særheim
Faktaboks
- Fødd
- 22. desember 1949, Stavanger
Bakgrunn
Han tok historisk-filosofisk embetseksamen (cand.philol.) ved Universitetet i Bergen i 1979 med faga nordisk hovudfag, fransk mellomfag og musikk grunnfag. I 2000 blei han dr.philos. ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på -land. Frå 2000 har Særheim vore professor ved Universitetet i Stavanger.
Virke
Etter studietida arbeidde han først eitt år som høgskulelektor i norsk ved Stord lærarhøgskule. I 1980 vart han tilsett som amanuensis i nordisk språkvitskap ved Rogaland distriktshøgskole, i 1983 rykte han opp til førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, og frå 1991 var han tilsett som høgskoledosent ved Høgskolesenteret i Rogaland. Frå 1981 til 1984 var han prosjektleiar/forskar ved Rogalandsforskning. Han var dekanus ved Avdeling for humanistiske fag ved Høgskolen i Stavanger frå 1997 til 2000 og prorektor og nestleiar i styret ved Universitetet/Høgskolen i Stavanger frå 2003 til 2007.
Stadnamn
Særheim er ein av dei fremste didaktikarane innanfor namnefaget. I Stadnamn fortel historie (1985) gir han ei grei innføring i faget og kjem inn på namngiving, funksjon og struktur. I Namn som fortel om oss gir han oppskrifta på korleis ein går fram når ein skal samle inn stadnamn.Denne boka har vore mykje brukt av dei som har skrive særemne om namn i den vidaregåande skulen. I 2007 gav han ut oppslagsverket Stadnamn i Rogaland, og han har gitt ut mange andre publikasjonar om stadnamn.
Verv
I samband med at Stavanger var europeisk kulturhovudstad i 2008, sat han i styret for UNEECC, eit nettverk for universitet i europeiske kulturhovudstader. Han har elles hatt ei rekkje faglege verv.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Særheim, I. (1984): Namn som fortel om oss. Handbok i innsamling og arkivering av stadnamn. Oslo: Universitetsforlaget
- Særheim, I. (1985): Stadnamn fortel historie. Stavanger: Universitetsforlaget
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.