Henri Becquerel

Faktaboks

Henri Becquerel

Antoine Henri Becquerel

Født
15. desember 1852, Paris, Det andre franske keisardømet (no Frankrike)
Død
25. august 1908, Le Croisic, Den tredje franske republikken (no Frankrike)
Henri Becquerel

Henri Becquerel. Fotografi frå cirka 1905.

Artikkelstart

Henri Becquerel var ein fransk fysikar som er spesielt kjend for arbeidet sitt med radioaktivitet. For dette arbeidet fekk han Nobelprisen i fysikk i 1903 saman med Marie Curie og Pierre Curie.

Karriere

Becquerel blei fødd i Paris og kom frå ein familie med fysikarar gjennom fleire generasjonar. Han var son av fysikaren Alexandre Edmond Becquerel og fekk utdanninga si ved École Polytechnique og dessutan École des Ponts et Chaussées.

I doktorgraden sin skreiv han om fosforescens og lysabsorpsjon. Kort tid etter doktorgraden blei han interessert i samanhengen mellom fosforescens og røntgenstrålar, noko som førte til at han i 1896 oppdaga den naturlege radioaktiviteten i uran. Radioaktive strålar blei derfor først kalla Becquerel-strålar. For oppdaginga si blei han i 1903 tildelt Nobelprisen i fysikk saman med ekteparet Marie og Pierre Curie. Måleininga becquerel (Bq) er oppkalla etter Henri Becquerel.

Becquerel blei i 1892 professor ved det naturhistoriske museet og i 1895 professor ved Paris' polytekniske høgskule. Mot slutten av karrieren sin, ved byrjinga av 1900-talet, studerte Becquerel eigenskapane til betapartiklar med høg energi, og han oppdaga at radioaktivitet kunne nyttast til medisinske føremål. Arbeidet hans med dette bidrog til utviklinga av strålebehandling, som i dag blir brukt til å behandle ulike typar kreft.

Utmerkingar

Becquerel blei vald inn i fleire prestisjetunge vitskaplege organisasjonar, og han vann ei rekkje vitskaplege prisar gjennom karrieren sin:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg