Hedrun er eit kvinnenamn som kan vere ein variant av Heidrun med opphav i det norrøne Heið-rún. I dette toledda namnet tyder forleddet truleg ‘venleik, glans’ og etterleddet ‘hemmeleg kunnskap’. Hedrun kan også vere eit nylaga namn, Hed-run, med Hed- frå til dømes Hed-vig og -run frå til dømes Sig-run.

Namnet har fleire variantar: Hedrun, Heidrun.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hedrun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg