Halloumi er ein ost frå Kypros. Den vart i utgangspunktet ysta av sauemjølk, men kan i dag òg ystas av geitemjølk. I tillegg kan ein viss del kumjølk nyttast. Den har Beskyttet opprinnelsesbetegnelse (PDO), noko den fekk i 2021. Etter PDO-retningslinene kan ein nytte både rå og pasteurisert mjølk til ystinga, men som oftast nyttar ein pasteurisert.

Osten er halvfast og skorpefri. Den vert turrsalta eller lagd i saltoppløysing i minst åtte timar og maksimalt tre dagar. Halloumi er ein etter måten ukomplisert ost å yste.

Osten er kjend som hellim i Tyrkia og er elles kjend over heile Midtausten. Opprinninga til osten er ikkje stadfesta, men ein antek at den opprinneleg kjem frå Egypt.

Ostemassa vert varma opp til over 90 grader C saman med mysa i minst 30 minutt, og dermed får osten ein fast og gummiaktig konsistens og kan grillast eller steikast utan at den smeltar. Denne handsaminga gjer også at osten er særs haldbar, og den har derfor vore ei nyttig matvare for beduinar. Halloumi kan etas både naturell og steikt/grilla. Det er typisk for halloumi at den knirkar mellom tennene når ein ét den.

Osten har vorte populær i Noreg, både å tilvirke og konsumere og er kjend her i landet som steikeost.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg