Hallgjerd

Artikkelstart

Hallgjerd er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hall-gerðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘gjerde, vern’.

Namnet har fleire variantar: Hallgerd, Hallgjerd, Halgerd, Halgjerd.

Kulturell bruk

  • Hallgjerd var kona til Gunnar på Lidarende i «Njålssaga».

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hallgjerd som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg