Haldis Reigstad

Faktaboks

Haldis Reigstad
Født
18. november 1939, Samnanger, Hordaland (no Vestland)

Artikkelstart

Haldis Reigstad er ein norsk diktar. Ho er særleg blitt kjend for songen «Tett ved sida mi går Jesus» (1977), som songaren og tonesetjaren Gunnstein Draugedalen har gjort kjent.

Bakgrunn

Haldis Reigstad er fødd i Samnanger i Hordaland (no Vestland). Ho arbeidde som hjelpepleiar før ho blei diktar i vaksen alder.

Lyrikken

Reigstad presenterte tonesette dikt offentleg frå 1974, men debuterte først med diktsamlinga Under ein open himmel i 1987, som selde i fleire tusen eksemplar.

Dei enkle, kvardagslege, men innhaldsmetta og ofte Jesus-sentrerte tekstane har vore eit varemerke for Reigstad. Dikta har vore viktige for mange som kristen livstolking. Ho har òg skrive for born, og ei rekkje av desse tekstane er blitt kjende barnesongar i samband med ulike CD-utgivingar.

Reigstad er av dei mestseljande lyrikarane i landet. Sidan debuten har ho selt nærmare 90 000 bøker. Ho er representert med songar i mellom anna Barnesangboka, Sangboken og i Salmer 1997. Salmen «Åkrane kvitnar mot hausten» (1990) er etter kvart blitt ein mykje brukt kyrkjesalme. Fleire av songane hennar er omsette til svensk og dansk.

Utmerkingar

I 2020 fekk ho Kongens fortenestemedalje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Astrid Dalehaug Norheim: Tett ved sida mi går Jesus. Portrett av Haldis Reigstad. Oslo 1999
  • Tobias Salmelid (red.): Lundes sang- og salmeleksikon. Oslo 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg