Finn Myrvang

Faktaboks

Finn Myrvang
Født
20. juni 1937, Bjørnskinn på Andøya
Finn Myrvang
Av .

Artikkelstart

Finn Myrvang er ein norsk lektor og stadnamngranskar, forfattar og formidlar av nordnorsk kulturkunnskap.

Myrvang tok examen artium på Sortland i 1956 og medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1964. Interesse for språk og kulturhistorie gjorde at den nyutdanna legen valde seg over til læraryrket. Frå 1966 praktiserte han som lærar, samtidig som han las filologiske fag. I 1978 tok han hovudfag i nordisk ved Universitetet i Trondheim, med oppgåva Stadnamn knytte til sjø, fiske og fangst. Frå Andøy kommune i Nordland.

Myrvang har forfatta ei rekkje bøker om språk og tradisjonar. I Huh-tetta (1964) og Att i Ariblå (1977) har han samla soger og segner frå Andøya, og han har intervjua nordlandsfiskarar for å kartleggje fagspråket deira. Han dokumenterer òg det samiske innslaget i nordlandskulturen. I Bjønntørk og reinkalvri (1974) gjenfortel han samiske bjørnehistorier, og i namnegranskinga tyr han ofte til samiske kjelder for å forklare norske stadnamn. Alt han gir ut, er skrive på nynorsk eller dialekt.

Etter 20 år som lærar vart Myrvang 1988 leiar for stadnamnprosjektet i Nordland, i regi av Arkiv i Nordland. Innsamlingsarbeidet sikra at nær 200 000 stadnamn i fylket vart registrerte og lagra digitalt. Etter at han gjekk av med pensjon i 2004, har han halde fram som namnekonsulent for Nordland fylke. Frå 2008 har han samla inn fleire tusen dialektord for Norsk Ordbok.

Myrvang er heidra med kulturprisar frå Andøy kommune i 1984 og Bø kommune i 1991. Han fekk Blix-prisen i 1984 og fortenestemedalje av Kommunenes sentralforbund i 2004.

I 2015 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg