Hálfdan Einarsson

Faktaboks

Hálfdan Einarsson
født:
20. januar 1732
død:
1. februar 1785

Hálfdan Einarsson var ein islandsk magister og litteraturhistorikar.

Etter skulegang ved Kirkjubæjarklaustur og Skálholt studerte han i København, der han vart utdanna teolog i 1755. Same året vart han rektor ved latinskulen på Hólar, ei stilling han hadde til han døydde i 1785. I 1765 vart han magister.

Halfdan skreiv den fyrste trykte islandske litteraturhistoria, Sciagraphia Historiae Literariae Islandicae (1777), og var ansvarleg for dei fleste bokutgåvene ved trykkeriet på Hólar. Fleire av bøkene hans vart trykt i Danmark, til dømes ei utgåve av Kongespegelen («Sorøutgåva», 1768) med omsetjing til dansk og latin.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hálfdan Einarsson (utg. & oms.) 1768: Kongs-skugg-sio utlogd a daunsku og latinu. Sorøe.
  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. II,235–6.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg