Vestportalen Flå stavkirke
Av .
Flå stavkirke
Flå stavkirke
Flå stavkirke
Av /via Arfo forlag.

Flå stavkyrkje var ei stavkyrkje i Flå i Hallingdal som vart riven i 1859. Den stod på garden Ve på austsida av Hallingdalselva, og blei avløyst av Flå kyrkje på vestsida av elva i 1858.

Stavkyrkja vart truleg oppført rundt år 1200. Ho vart seld på auksjon i 1723, og kom i kommunalt eige frå 1816.

Stavkyrkja var opphavleg ei midtmastkyrkje med rektangulært skip og smalare kor med apsis. Ho hadde takryttar på mønet og var omgitt av ein svalgang. I 1685 blei apsis og austveggen i koret og dessutan svalgangen rundt desse rivne, og koret vart forlenga austover. Koret vart rive i 1707, og kyrkja vart bygd om til krosskyrkje og fekk nytt kor.

Berre skipet var i stavverk då kyrkja vart riven. Utsjånaden er kjent frå oppmålingar og skisser av Georg Bull. Skipet var ca. 6,55 meter langt og 5,25 meter breitt. Kyrkja skal ha vore svært trong og hadde veggfaste benkar og dessutan pulpiturar.

Vestportalen frå stavkyrkja er bevart i Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo. Ho føyer seg inn i Sogn-Valdres-tradisjonen og har ranke- og dyreornamentikk. Ei eldre altertavle er tapt, medan eit alterbilete frå 1736 vart overførte til den nye kyrkja. Preikestol og døypefont er gått tapt. Ein messehagel frå 1653 er no i Hallingdal Museum.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg