Førde Idrettslag er eit fleiridrettslag frå Førde i Sunnfjord kommune, skipa i 1920. Idrettslaget har over 2000 registrerte medlemmar fordelt på 13 særidrettsgrupper og er blant dei ti største idrettslaga i Vestland fylke.

Fleire utøvarar frå Førde IL har hevda seg på nasjonalt nivå innan fotball, handball, friidrett, alpint og langrenn.

Administrasjonen held til i klubblokala i Hafstadparken i Førde.

Historie og fakta

Førde Idrettslag vart skipa 4. januar 1920. Den første leiaren var Nikolai Schei, og medlemslista talde 38 namn. Idrettslaget dreiv i starten mest med ski, friidrett og turn.

Idrettslaget markerte seg i mellomkrigsåra med å få fram nokre av dei beste utøvarane i skihopping og friidrett i Sogn og Fjordane.

Fotballgruppa vart skipa i 1931, handballen kom i gang i 1946, og seinare har idrettslaget fått eigne grupper for ei rekke ulike idrettar.

Førde idrettslag har i dag 13 særidrettsgrupper. Desse er fotball, langrenn, handball, friidrett, symjing, turn, orientering, hopp, barneidrett, vektløfting, innebandy, styrkeløft og skiskyting.

Idrettslaget har og eigne undergrupper for arrangementa Førde Cup og Førde Opp, i tillegg til lokalgrupper for områda Angedalen, Holsen og Haukedalen.

I moderne tid har Førde arrangert junior-NM i friidrett to gongar (1980 og 1991). Idrettslaget har og arrangert veteran-NM i friidrett (2021) og NM i motbakkeløp (2021).

Fotball

Førde Idrettslag sine seniorlag spelar kampane sine i lågare divisjonar. Herrelaget sine beste plasseringar i seriesystemet er to tredjeplassar i andredivisjon (1999 og 2013). Eit høgdepunkt var NM-kampen mot Brann i 2016, då 3000 tilskodarar såg Førde slå ut bergensarane av første runde i cupen.

Idrettslaget er moderklubben til angrepsspelarane Lasse Opseth og Alexander Ødegaard, som begge har spelt kampar for det norske landslaget i fotball.

Handball

Kvinnelaget rykte i 2017 opp til førstedivisjon i handball. Etter ein niande- og ein sjuandeplass på nest øvste nivå, rykte Førde ned igjen til andredivisjon i 2020.

Blant dei mest kjende spelarane frå Førde IL er Kjersti Boge Solås, som seinare spelte for Tertnes, Byåsen og Vipers i eliteserien. Saman med det norske landslaget vann ho EM i handball i 2016. Solås var då den yngste landslagsspelaren nokon gong.

Ski

Førde Idrettslag har i periodar hatt utøvarar heilt i landstoppen i ulike skidisiplinar. Alpinisten Trond Hafstad sette idrettslaget på kartet då han vann NM-gull i utfor i Tromsø i 1987. Seinare har langrennsløparen Gjøran Holstad Tefre fleire gongar representert Noreg i verdscupen. Han har ein andreplass på 20 kilometer fri teknikk i Falun i mars 2024 som beste plassering, i tillegg til ein tredjeplass i lagsprint frå tidlegare. Han vann Skandinavisk cup samanlagt i 2020. I februar 2024 vart Tefre noregsmeister då han vann 10-kilometeren i fri teknikk under NM på Beitostølen.

Skiskyttaren Karoline Erdal har fleire gongar gått verdscup. Ho vart ungdomsverdsmeister individuelt i junior-VM i skiskyting i 2016.

Friidrett

Førde Idrettslag sin første utøvar på nasjonalt nivå, var Gunnar Erdal-Aase. Berre 18 år gammal vart han noregsmeister i femkamp i 1936. Han deltok ved fleire høve på det norske landslaget, mellom anna i EM, og han tok eit nytt NM-gull i 1946.

På 1970- og 1980-talet tok diskoskastaren Øystein Bjørbæk ni medaljar i NM. Saman med sleggekastaren Ove Farsund representerte han Noreg i landskampar.

Førde er moderklubben til langdistanseløparen Marius Vedvik, som på 2000-talet har tatt ei rekke NM-gull for IL Gular.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rune Fossum Lillesvangstu: Den spreke hundreåringen. Førde Idrettslag 1920-2020 (Selja Forlag, 2020)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg