Nikolai Schei

Faktaboks

Nikolai Schei

Nikolai Andreas Schei

Født
9. mai 1901, Førde i Sunnfjord, Sogn og Fjordane (no Vestland)
Død
25. mai 1985, Førde

Nikolai Schei fotografert i samband med arbeidet for kommuneinndelingskomiteen, som han leidde, i 1957.

Nikolai Schei
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Nikolai Schei var en norsk embetsmann og cand. jur., som var fylkesmann i tidlegare Sogn og Fjordane i 1945–1971. Han leidde Kommuneinndelingskomiteen i 1946–1962, som førte til at talet på kommunar vart redusert frå 747 til 454.

Bakgrunn

Nikolai Andreas Schei var fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han var bror av Andreas Olai Schei. Han tok to-årig handelsgymnas i 1919 og examen artium som privatist i 1925. Frå 1925 til 1929 var han arkivarassistent i Justisdepartementet, las jus på fritida og vart cand.jur. i 1928.

Karriere

Schei var fylkesfullmektig i Møre og Romsdal i 1929–1931 og i Oslo og Akershus fylke i 1931–1934. I 1934–1939 var han ein av tre inspektørar i det nyskipa Riksgjeldsmeklingsinstituttet og vart så i 1939 tilsett som sjef for Provianterings- og rasjoneringsdirektoratet.

okkupasjonen kom i 1940, bad regjeringa han bli verande i denne stillinga i staden for å følgje med til Storbritannia. Han heldt fram til 1945, med eit kortare fengselsavbrot på Akershus i 1944. Samtidig var han med i leiinga av Heimefronten.

Etter frigjeringa vart han rådmann for Forsynings- og gjenreisingsdepartementet før han i september 1945 blei utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1971.

Schei var leiar av Kommuneinndelingskomiteen av 1946 («Schei-komiteen»), som i åra 1946–1962 leverte tre store innstillingar i 18 band. Som resultat vart talet på kommunar redusert frå 747 til 454, og det kom ei felles kommunelov for by og land i 1954.

Andre verv og engasjement

Schei hadde òg ei rad andre verv. Han stod på førsteplassen på Høgre si stortingsliste i 1961, men partiet fekk ingen stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane ved dette valet.

Som pensjonist redigerte han boka om Sogn og Fjordane i serien Bygd og by i Norge (1980). Han var kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, kommandør av 1. klasse av den danske Dannebrogordenen og av den svenske Nordstjärneordenen og var heidra med storkors av den islandske Falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aage Engesæter og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo 1988
  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1925. Oslo 1950
  • Nikolai Schei (red.): Sogn og Fjordane. Oslo 1980
  • Morten Søberg: Senatet som aldri vart. (Kap. «Grensesetjande makt»). Oslo 2009
  • Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg